søndag 5. januar 2014

1 år

Godt nyttår!
Håpar du har hatt ei fin jule- og nyttårsfeiring:)
Vi har hatt det heilt supert, det gjekk berre så alt for fort. 



Rett over nyttår hadde vi ei stor hending hos oss. 
Vetleguten fylte nemlig 1 år:)
Eg kan ikkje tru at det alt har gått eit år sidan han kom til verda. 
Det har vore eit år med mange glade stunder, og minst like mange bekymringar:)
Vi har hatt ei knall feiring med heile storfamilien tilstade. 
Eg fekk dessverre ikkje tatt så mange bilder då.. 

Det viste seg at det å servere og lage middag + kake til 13 personar, ha 4 flotte overnattingsgjester på besøk, ein vilter 1 åring (helst limt til foten min) og middels ambisjonar om eit koselig dekka bord 
- gjorde til at eg gløymte mykje av fotograferinga. 
Men det var veldig verd å ha mange jern i elden, gu kor kjekt det var:)


Eg fekk iallfall hengt opp den fiiiine banneren, det var stor stas med navnet hengande over oss. 
Og ja - det står "I ÅR" på andre linja, det var visst ikkje tall med i eska:)



Til dessert hadde vi blant anna muffins og marshmellows. 
Ein ting eg angra på, og som eg skal gjera annleis til neste år, er forberedelsane eg gjorde. 
Eg hadde jo i utgangspunktet bestemt meg for å kjøpe alt på Festfabrikken.no
Men plutselig hadde eg gløymt tida, og det var for seint med tanke på postgang. 
Så derfor fekk eg gleda av å tråla Lagunen rundt ein lørdag ettermiddag, på leit etter bursdagstasj:/
Eg får skulda litt på at jula kom i vegen, neste gong skal eg iallfall ta all bestillinga på nett i god tid. 
Då får eg det eg vil ha, samt særs lite stress:)



Forresten så skulle vel strengt tatt muffinsen ha kikka over kanten på muffinsforma?
Vel, dei var i det minste veeeeldig gode. 
Eg har blitt heilt hekta på Passion4baking Manuela sine ferdige sjokolademuffins 
- dei har heile sjokoladebetar i:)
Apropos sjokolade, eg skulle jo eigentlig starte eit nytt og bedre liv, 
men vi har jo så veldig masse kakerestar igjen... hmm :)



Blei visst mykje bla bla i dag:)
Ha ein nydelig søndagskveld!


2 kommentarer:

Pink lady sa...

Fin fest for fineste gutten!

Gleder meg til i morgen!

Klemmer

HusmorDronninga sa...

Godt Nyttår!
Så stas med 1-åring i hus! Og koselig med feiring :)
Tida den strekke ikkje alltid like langt, men eg syns du har gjort det så fint og stilfult likevel :)
Bokstavbanneren e så kul! Men kor fekk du tak i an?

No ventar ny episode av "Tid-for-hjem"
Endelig litt TV-tid på ho mor og ;)

Ha ei strålande veke!
Kjersti