tirsdag 10. desember 2013

Enkelt julebord

For ei god veke sidan hadde vi eit kjempe koselig venninnejulebord her hos oss!
Alltid kjekt å samla jentene frå Rosendal, men sjølvsagt ekstra kjekt i førjulsstria. 



Eg pynta bordet enkelt, med granbar og lys.
Nok ein gong sprer den herlige dufta seg i huset:)



Med julemusikk på spelaren og pinnakjøt på menyen, så kom faktisk julestemninga. 




Håpar den er begynt å snika seg inn hos deg også:)


søndag 1. desember 2013

Julekalender

Hurra - det er desember og juletid:)

Eg elskar jula!

Alle tradisjonane, familiebesøka, den fantastisk maten, dei herlige duftene og generell barnslig glede. 
I helga har vi hatt venninnejulebord, og eg har faktisk pynta ein del til jul. 
Vår tradisjon her i huset, er at når advent kjem - då er (nærmast) alt lov. 
Det kjem bileter av eit enkelt, dekka bord etterkvart. 



Julekalender har eg sjølv vore så heldig å veksa opp med. 
Difor måtte eg sjølvsagt stelle i stand ein gåvekalender til vetleguten. 
Men etter litt diskusjonar med meg sjølv, så kom eg fram til at det hadde jo vore gråååådig koselig 
å hatt ein tredelt kalender. Velteguten, mor og far - kvar sin dag:)
Så derfor har eg sendt far på gåvehandel, og eg gler meg som ein unge til det er min dag. 



Gåvene har eg hengt opp i ein tråd på gelenderet i trappa. 
Så kleisa eg på ein heil haug med deilig, duftande granbar. 
Den forsvann jo nesten då gåvene kom opp, men dei måtte jo neste vera med:)
Posane har eg funne på Kremmerhuset, og oppi er det mykje snadder. 



Det luktar så godt når ein går opp trappa - julestemning altså!
Eg er berre litt spent på korleis det ser ut når vi er halvvegs til jul. 
Granbar er vel kjend for å drysse litt så vidt eg veit?
Vel, den tid den sorg. 



På krakken nedanfor står ein ivrig raud amaryllis. 
Den skal få sin plass i rampelyset etterkvart som det går tomt for gåveposar på gelenderet. 



Håpar du har hatt ei herlig adventshelg!