torsdag 14. november 2013

Førjulskos

Heldige meg fekk plass på julas kjekkaste bloggtreff - førjulskos i Lillestrøm:)
Bloggtreffet blir arrangert av Fabelaktive Maia, og då er det kvalitet til fingerspissane.
Det er snart berre ei veke til vi reiser avgårde, og eg gler meg masse!
Maia har samla mange flotte samarbeidspartnere, flaks for meg for mange av dei er favorittar. 
Her kjem litt informasjon og inspirasjon frå dei, eg tenker å få fart på julehandelen på treffet 
- kanskje du får nokre tips også?

Bilde lånt fra Zanz.no



For eksempel så har eg alltid drømt om å besøke den vakre butikken Zanz.
Dette er verkeleg butikken for deg som er ute etter noko unikt.
For ei tid tilbake holdt eg nesten på å reise til Lillestrøm for å hente ein slagbenk eg så gjerne ville ha :)
Det blei ikkje den gongen, men gudane veit kva eg kjem heim med neste helg:)
Zanz har også nokre av dei flottaste merkevarene eg veit om, som TineK, Day Home, House Doctor, Senze of Joy. Som ein ekstra bonus så har dei FRI FRAKT fram til advent - juhu!
Vi skal starte førjulskosen på Zanz, DET kan bli farlig det:) Klikk her for å komme til nettbutikken.


Bilde lånt fra festfabrikken.no

Ein anna spennande samarbeidspartner er Festfabrikken.no.
Vetleguten fyller jo snart 1 år - det er kjempestas og skal feirast stort.
Eg er sjølvsagt begynt å planlegge pyntinga. Han er jo fødd tidleg i januar, eg ryddar jo ut jula så snart eg kan 
- så då blir det friskt og fint med lyseblå pynt og stasj frå Festfabrikken.
Eg skal ha sugerøyr, muffinsformer, cakepops, banner og kanskje ein pinãta til dei voksne:)

Bilde lånt fra Muubs


Woods agenturer er også tilstades, og dei har nydelige treprodukter frå Muubs
Eg er utrulig glad i unike treprodukter, alt frå skjærefjøler til flotte møbler. 
Her i Bergen ser eg at blant anna den nye (og nydelige) Illums Bolighus fører produkta. 

Bilde lånt fra LilleHimmel


Nettbutikken Lille Himmel er heilt ny for meg. Dei har masse fine kler og smykker:)
Gler meg til å bli betre kjent med dei, og eg har funne eit smykke som eg eeelsker 
- tenk å hatt dette til ein fin sommarkjole?


Bilde lånt fra Ruth&Rudolf

Ruth&Rudolf er søsterbutikken til Lille Himmel, ein kjempe fin nettbutikk med lekre produkter. 
Jammen var mange av mine favorittforhandlere der også, Bloomingville, Hay og Hübsch. 
Eg lurer på om eg må skaffe meg ei slik svart julestjerne - det hadde vel vore kult? :)



Bilde lånt fra Miinto.com

Secrets by B lager aldeles nydelige smykker, armbånd og øyredobbar. 
Stor fare for at eg kjem til å gå på ein smell her altså, utrulig masse fine og unike ting. 
Du finn det blant anna på Miinto 



Bilde lånt fra Loveisgreen.no


Love is Green eg er heller ikkje kjend med. Men det eit lite selskap som sel nydelige lys, 
og herlige velværeprodukter - blant anna kokosnøttlys:) Spennande!

Bilde lånt av fabelaktive Maia
Bilde lånt fra fabelaktive Maia
I tillegg til mykje snadder frå dei nevnte leverandørane, så skal vi ha juleverkstad:)
Vi skal læra å lage julecupcakes, sukkerbitar og vaniljeekstrakt. 
Og som prikken over i`en; mammo til Maia skal laga heimelaga vietnamesisk mat til oss. 

Bilde lånt av fabelaktive Maia
Det kjem nok masse bilder og glimt frå turen både her og på instagram!
Mest av alt så gler eg meg til å vera ilag med kjekke folk:)

Ha ein flott torsdag!:)



10 kommentarer:

Anonym sa...

Så gøy det blir,kos deg masse jammen ikkje lenge igjen no,vekene går fort!
Gleder meg til å sjå og lese blogginnlegga etterpå:)
Klem fra Lillian

lillpastill sa...

Tralalala! Jeg bare lukker øynene og later som ingenting, tingeling! hoho.. Nei, jeg unner dere dette sp til de grader! Dere får tenke på meg når dere er på andre siden av fjellet! :)

Anette Willemine sa...

... og vi teller ned! Dette blir gøy! Gleder meg til å se deg igjen!

HusmorDronninga sa...

For ei fin presentasjon av samarbeidspartnerane!
Og gled deg.. Zanz e verkeleg favoritten min her aust.. alt frå unike produkt henta særover i europa, til kjente merkevarer me likar så godt!
Og ikkje minst blir det kjekt å treffa på andre Kvinnheringar her på andra sio av fjellet! ;)

Ha ei flott helg, så snakkast me om ei veka!
Helsing Kjersti

vitadrömmarobusigabarn sa...

Fina bilder!
Trevlig helg
Kram Tina!

Tone sa...

Flott innlegg.
Grugleder meg masse, må jo bare bli helt knall detta😊

Jatte sa...

Dette blir SÅ moro.. mitt aller første bloggtreff! Gleder meg til og treffe deg :D

Nyt Søndagen,
Klemmer

ELLEMELL sa...

gleder meg!
dett blir bra!
og suite attpåtil sammen med deg :)

oslo! her kommer vi :)
klem ellemell

Pink lady sa...

Gleder meg til vi sees i morgen!!
Nå reiser jeg straks til flyplassen:)

Klem

mali-mo sa...

Hei! For en koselig blogg du har, og et flott hjem (og skjønn sønn!!)!
Håper du har hatt det kjekt på bloggtreff!