torsdag 8. november 2012

Fine gardiner

Jo - gardinene er fine dei. 
Men det var veldig uvant for oss å få dei opp. 
Vi har ikkje hatt gardiner i stova sidan vi flytta inn. 
Dermed har vi blitt godt vant med at lyset flommar inn frå alle kantar. 


Både mannen og eg blei usikre på om vi ville ha gardiner, dei tok så masse av lyset. 
Men vi oppdaga fort at lyset forsvann jo uansett.
Spesielt etter at vi snudde klokka:)


Det "lunar" med andre ord godt på mørke haust- og vinterkveldar.
Så gardinene skal få henga - enn så lenge!
Eg har ein følelse av at eg kjem til å bytte til julegardiner om kort tid uansett. 


Ellers rasar tida avgårde her i huset. 
Vi har fått handla inn det meste vi treng til vetleguten kjem. 
Men i kjent stil så står alt uåpna i gangen, vi får kosa oss med det ein anna dag:)


Håpar du har strålande novemberdagar!



søndag 4. november 2012

Førjulskos

Då var eg vel heima etter ei fabelaktig helg i Stavanger/Moi. 
Eg har vore så heldig at eg har fått vore med på Førjulskos på Landstil

Allerede i vår begynte Fabelaktige Maia planlegginga av bloggtreffet. 
Eg meldte meg tidlig på, og har gleda meg lenge - kan ikkje akkurat sei at eg blei skuffa!
47 strålande kjekke bloggjenter frå heile landet gjorde dagen heilt knall. 

Ei julestjerne dukka opp i posen min:)

LillPastill, Pink Lady, ElleMell og eg har hatt ein superkoselig roadtrip til Stavanger og tilbake. 
Lenge siden eg har vore på ein skikkelig roadtrip - tusen takk for turen jenter, tar den gjerne igjen!

Høgst nødvendig - ein slik hjort/lysestake måtte eg jo ha:)

Alle jentene reiste frå Stavanger til Moi i buss - skikkelig "konfirmasjonsleir-busstur". 
Her hadde vi mange konkurranser og give aways. Eg vant ei fantastisk bok om sjokolade av Design Spirit, gler meg til å lage spennande ting frå den - hipp hurra:) 


Vel framme på Landstil var det både song, motevisning og gode rabattar på heile butikken. 
Eg fant masse forskjellig, hadde tydeligvis dilla på stjerner - meir om det seinare:)


Det var mange flotte, og unike varer i butikken - og ikkje minst ein god del julevarer. 
Tusen takk til damene på Landstil som gjorde treffet veldig koselig og spennande.
Og tusen takk for den utrulig bra goodiebagen vi fekk. 

Alle bildene er tatt inne i butikken og er av mine favorittar:)
Trykk her for å komme til nettbutikken om du vil. 

Sist men ikkje minst må eg takke Fabelaktige Maia for den strålande innsatsen ho har gjort for dette treffet. 
Du gjorde ein strålande innsats med heile opplegget, blant anna sponsorer av ein kjempe bra goodiebag. 

Nokre av mine favorittar
- den nyaste utgåva av BoBedre - har egentlig ikkje lest det før, kjempe fint blad - må eg utvide interiørabonnementfamilien min? :)
- Sne Design hadde utlodning av gåvekort - dei har utrulig masse fint, spesielt til barnerommet - anbefales!
- Wik & Walsøe har ein ny nydelig serie som heiter "Lys", der fekk vi ei vakke sukkerskål!!
- Canon lodda ut opplæringsdvdar, dei må eg prøve å skaffe meg på anna vis, føler det er mykje ulært med kamera mitt:)

Her er alle dei fabelaktige sponsorane:




Håpar du har ein kjempe flott søndagskveld!