søndag 28. oktober 2012

Fin søndag


Hadde bare alle søndagar hatt med seg ein time ekstra:)
Det hadde vore noko!


Eg måtte berre innom ein kjapp tur for og gje eit livsteikn. 
Her i huset er det allereie ein ny sjef nemlig, før han er kommen til verda. 
Luringen vår har funne ut at han ville ligge i tverrleie i magen, og det verkar som han strekk seg fælt i tillegg. 
Det gjer til at mitt vanlige aktivitetsnivå må reduserast eit par-og-tredve hakk. 
Magen er også begynt å bli større for og sei det sånn, 
usikker på om det har med babyen å gjera eller at det er komt kakemenn i butikken. 
Babyen er jo i underkant av 2 kg, så noko anna er det:)
Dette går dessverre utover blogginga. 


Men heldigvis har eg gjort århundres kupp i valg av ektemann. 
Han tar så godt vare på både luringen og meg, pluss dei mange prosjekta i huset:)
"Vi" jobbar om dagen med å pusse opp trappa. Det er vel ingen sak, tenkte eg. 
Fyrst skulle vi jo berre fjerne det mosegrønne teppet, så pusse litt - og male kvitt. 
Men teppet er jo frå 19-pil og bue, og var festa med superlim frå samme tidsperiode.
Dei som har snekra trappa tenkte nok aldri og fjerna det, for det er ca 168 spikra pelma inn i trappa. 
I tillegg kjem jo alle hakka, flotte kvistar og ein nydelig knirk. 
Min flotte mann har imidlertid pussa ferdig trappa 
(nevnte eg at vi gløymte å dekka til møblane rundt pusseområdet? Lurt:))

Det nærmar seg med andre ord kvitmaling. Det er sikkert også kjempe lurt, kvit trapp no som vi skal bli småbarnsforeldre. Men vettu - den læringa skal eg ta "the hard way".


Eg lagar mat, rugar og kjøper smågodt til mannen - sjølvsagt i tillegg til å lage lister i Excel over kva vi må få gjort før deadline (babytime: 31.desember).

Men i kveld skal vi kosa med og helsa på ein viss herremann i smoking med trutemunn. 

Ønsker deg ein strålande søndag:)

mandag 22. oktober 2012

Sengegavl

Lenge og vel har eg leita etter ein fin sengegavl. 
Det er vel ikkje før i dei seinare åra at møbelbutikkane har begynt å selge sengegavler. 
Men eg har ikkje falt heilt for nokon av dei, helt fram til eg tok turen innom Den Grønne Baljen (no nedlagt:(


Der var det opphørssalg, og eg gjorde eit superkupp på denne sengegavlen. 
Det er som ein del av ei gammal seng, og eg syns den passa perfekt hos oss. 


Det som kanskje er litt spesielt er at ho som solgte den hadde ikkje rukke å male den.
Den er altså kun grunna som du ser - kremt!

Men av ein eller anna grunn (hehe) så syns eg den blei kul når den berre var grunna. 
Så eg valgte og ikkje male den :)


Eg vurderer litt å endre fargane på soverommet, og då blir det nok maling av sengegavlen. 
Men det er laaaangt nede på prioriteringslista, så det blir vel til om eit år eller to. 
Regner med det er fleire som kjenner seg igjen i tanken "berre sett den her no, så fiksar eg seinare.." Plutselig har det gått to år - jadda :)


Nye, friske sengekler frå HM Home på plass. 
Dei blei utrulig skrukkete!! Det er ikkje sånn i virkeligheten altså;)
Det er jo sengetøy av lin, og lin skrukkar seg jo - men eg blir nok aldri ei husmor som stryk sengekleda. 


Nattborda har eg vel heller ikkje vist etter "oppussinga". 
Dei var eit kupp hos ein brukthandel - her kan du sjå korleis dei såg ut før. 

Ønsker deg ein super kveld!


tirsdag 16. oktober 2012

Ny kjøkkenhylle

Hei, kor det går - tida rasar verkelig avgårde om dagen. 
Dei siste vekene har eg blant anna vore på min fyrste tur nord for Trondheim. 
Eg har nemlig hatt æra av og vera fadder for ei god venninne sin gut, og dei bur i nærheten av Alta.
Har hatt ein super opplevelse, og faktisk ganske så eksotisk.
I tillegg har eg vore i Stockholm på jobb, og i Rosendal berre på kos:)

Derfor har det dessverre vore litt dårlig med innlegg om dagen, 
og det ser ikkje ut til å roe seg ned med det fyrste heller!


Uansett, vi har tusla over ein stor terskel her i huset. 
Vi har nemlig hengt noko opp på veggen! Hurra!


Eg har lenge leita etter ei fin hylle eller lignande til å ha på kjøkkenet. 
Denne fann eg på Kremmerhuset,og følte endelig eg hadde truffe blink:)


Det er med hyller som med bildelister, ein kan veldig enkelt endre utrykket frå sommar til vinter 
og jul til påske uten å lage nye hol i veggen. 


Foreløpig er det nøytrale fargar og kjøkkenutstyr som har tatt plass. 
Men om ikkje alt for lenge så kjem nok jula til å snike seg inn.
Eg har forøvrig oppdaga at det er komt kakemenn i butikken, fantastisk!
Kanskje eg skal sprette ein julebrus i kveld også? 


Håpar du har fine haustdagar!

God tirsdagskveld:)


fredag 5. oktober 2012

Dilla på karri

Ein anna liten godbit eg endelig karra meg til å kjøpe på messa, var ein Corocia. 
Denne spesielle blomen har florert i blogglandia ganske lenge. 
Men for meg tok det litt tid før eg forstod greia. 
Det såg jo ut som ein daud kvist. 


Eg fekk imidlertid, av uvisse årsaker, plutselig fått veldig lyst på eit eksemplar. 
Plantasjen solgte desse små utgåvene til kun 80 kr, og eg slo til. 
Anar ikkje korleis den skal stellast, så om du veit så sei gjerne i frå. 
Kanskje den blir grøn og frodig når den dør?:)


Uansett, tilbake til tittelen på blogginnlegget i dag. 
Om du ikkje likar karri, (fargen, ikkje krydderet) så er dei neste bildene ganske kjedelige.
Ein ting eg har lært av å følge andre bloggarar er kunsten å flytte rundt omkring på ting. 
Det er ofte veldig lite som skal til, og ein føler ofte at ein har fått noko nytt - god deal. 


Puta frå Bloomingville har no tatt plass i slagbenken.
Eg kom nemlig på at eg har jo allereie ei pute i tilnærma samme fargen. 
Det blei med eit skikkelig hauststemning ved kjøkkenbordet. 
Raude epler gjer igjen nytta. 


Trur imidlertid det held med 2 karriputer:)

Endelig helg, vi kosar oss med tradisjonell fredag; taco og tv. 

Ønsker deg ein strålande helg!

tirsdag 2. oktober 2012

Fangst frå messa

Håpar du har ei fin veke så langt!
Her i Bergen er hausten uten tvil høgst tilstade. 
Det er mørkt til langt utpå dagen, og regnet tornar mot stovevindauga om kvelden. 
Men det gjer meg eigentleg ingenting, då kan eg jo bruke den nye puta mi - passar perfekt!


Denne puta i haustens trendfarge karri, var ein av skattane eg fann på messa i helga. 
Den nye stjerna i sofaen kjøpte eg hos Lobelia, og den er frå Bloomingville. 


Ein anna veldig nødvendig og nyttig ting eg kjøpte med meg var denne vasen. 
Den fekk eg ein strålande deal på hos Slettvoll. 
Foreløpig har kvistar frå hagen flytta inn. 


Tusen takk for alle dei kjekke kommentarane eg har fått i det siste:)
Det er så utrulig kjekt og motiverande!

Ikkje minst varmt velkommen til alle nye følgere:))

Ønsker deg ein strålande tirsdagskveld.