lørdag 25. august 2012

Ny klokke

 Hipp hurra, det er helg!
Det er lørdag formiddag, og fortsatt er det masse helg igjen. 
No har eg nettopp nytt ein sein og lang frukost med avis attåt:)


Eg måtte berre innom for å vise dåke denne gøye klokka!
Den fekk eg til halv pris på Den Grønne Baljen her ein dag. 
Butikken skal dessverre leggast ned, utrulig synd, veldig fin butikk.
Skulle bare nett innom ein tur, og kom ut av butikken med langt meir enn eg hadde tenkt. 


Blant anna blei denne klokka med meg. 
Eg har sett på den før, og syns den var så fin!
Kjempe kul form, overdimensjonert og nydelig blåfarge. 

No har eg til og med kontroll på tida om morgonen. 
Kjøpmannsdisken står i gangen, som eg raser forbi kvar morgon. 


I utdrikkingslaget forrige helg, fekk eg den vakre lavendelplanta av nokre av jentene:)
Den passa jo perfekt i lag med klokka. 


Håpar du nyter helga, eg skal straks ein tur til byen og blant anna innom Fretex og Søstrene Grene:)

GOD HELG!

onsdag 22. august 2012

Rosa restar

Som eg nevnte tidligare så var Fruehuset vertskap for eit utdrikningslag i helga. 
Det var supershow, og kjempe kjekt å ha så masse folk på besøk. 


Som ein vakker bonus stod pynten, som dei flinke forlovarane hadde med seg, igjen her søndags morgon. 


Det var altså nydelige rosa rosebukettar. 


Likar spesielt godt den vesle vasen min, som gjer at rosene står tett i tett som ein liten ball:)


Dei nye putene i slagbenken passa fint i fargen:)


Ferske blomar gjer enormt masse med eit rom, nesten som eg ikkje ser at eg har "glømt" og støvsuge.

Håpar du har hatt ei fin veke, snart er det helg igjen:)

mandag 20. august 2012

1 år

Tenk at det allereie har gått 1 år siden eg fekk ja frå min fantastisk kjekke mann!
Tenk at det allereie har gått 1 år siden vi hadde ei heil helg i lag med alle dei vi er så glad i. 
Tenk at det allereie har gått 1 år siden det fantastiske drømmebryllaupet. 
Tenk at det allereie har gått 1 år siden eg hadde på meg den nydelige kjolen.


Det siste året har vore svært innholdsrikt med både nytt hus, ny jobb, oppussing og reising. 
Eg gler meg sånn til det neste året i lag, kva vil det bringe mon tru?:)


Vi feirer med gåver, restaurantbesøk og film på sofaen - veldig vår stil, avslappa og fint:)


Du kan lese mer om bryllaupet her, og bryllaupsreisa her.


Alle bildene er tatt av fabelaktige Bodil Bo.

Håpar du får ein romantisk mandag:)

søndag 19. august 2012

Kvitt golv

Hei!:) Plutseleg var eg sakte på vei tilbake frå sommardvalen. 
Eg har nemlig hatt tre veker ferie, og ikkje logga med på PCen ein einaste gong. 
Eigentlig ein kjempe god følelse, sjølv om eg har jo vore innom på Facebook og Instagram.
No er eg vertfall overmotivert for å ta bloggen tilbake i normale former - hurra!

Så utrulig kjekt og sjå at Fabelaktige Maia valgte min blogg som ein av dei ho er ekstra glad i. 
Det er stor stas og bli nevnt, og eg ser at fleire følgere er komt til - gler meg masse til å sjekke ut din blogg.

Varmt velkommen til alle nye følgere:)


Vi har jo faktisk fått gjort noko lite i huset i ferien også. 
Du hugsar kanskje at eg friskt og freidig annonserte at vi skulle male golva våre for over 1 mnd sidan?

Ja, det tok si tid. Men no er det altså gjort. Jammen blei det KVITT!


Eg (og faktisk mannen) er utrulig fornøyd med resultatet. 
Sjølv om det blei veldig kvitt så passa det fint til eit så lite rom.
Ikkje minst er det lite brukt, så slitasjen vil nok ikkje vera synleg så fort. 
Det var uansett ein fryd og få vekk det guuuuule lakka golvet som var der. 
Før eller seinare må vi nok male det igjen, eller pusse og kvitmattlakkere det.

Den tid den sorg:) 


Slik såg golvet ut før:)


Rommet har to hovedfunksjonar; eit hobbyrom for meg og eit gjesterom. 
Gjesterommet har vi fått testa ut i helga med fullt hus, stormande jubel og 20 jenter på besøk. 
No sov ikkje alle dei 20 jentene i senga, men gode venninder frå Rosendal var gjester og gav senga gode skussmål. 
Fruehuset har nemlig vore vertskap for eit utdrikningslag i helga, knall gøy!

Eg kan altså med glede fortelja at det ikkje lenger ligger masse flatpakka moro i gangen, 
men det er no montert og faren for uhell i heimen er drastisk minimert:)


Hobby-delen av rommet må eg nok sette av ei helg til å systematisere. 
Eg driv nemleg med scrapping, og det er mykje småplukk som skal få ein fast plass. 

 
I tillegg har eg som mål å (minimum) starte denne kule grønne symaskina, som eg har arva, innen rimelig tid. Eg kan ikkje lova at det kjem nydelige putetrekk eller lignande med det fyrste, men kanskje når eg har skjønt opp/ned på maskina. 


I morgon er det jammen jobb igjen - tida går så rasande fort. 
Snart er det 2 månadar sidan sola snudde også, det begynnar og merkast.
Det er også ein litt spesiell dag i morgon, men det kjem eg tilbake til:)

Eg håpar du har hatt ein fortryllande sommar med masse solskinn og er no opplada og klar for bloggsesong nr.1 - Haust og JUL!

Gler meg til å oppdatere meg på kva dåke andre har drive med dei siste vekene:)

Ha ein strålande kveld!