onsdag 29. februar 2012

Koselig onsdag

Nokre dagar er slik at eg føler eg knapt er komt heim før eg må på jobb igjen. 
Denne veka har vore litt slik, men i dag hadde eg ein koselig avtale:)

Pink Lady og eg hadde nemlig middagsplanar. 
I tillegg vart det sjølvsagt nokre turar til både Søstrene Grene og Kremmerhuset. 
Påsken er på vei inn i butikkane for fullt (for dei som vil planlegge innkjøp)

Foto Kremmerhuset
På Kremmerhuset kom vi over denne (veldig) store lampa. 
Ikkje nødvendigvis kun til påske, men den var faktisk skikkelig kul:)

Beklager dårlig mobilbilde frå meg:)
Ei lita sennepsgul krukke blei med meg heim frå Søstrene Grene, 
denne blir nok fin til dressingar og tilbehør på middagsbordet. 

Takk for ein superkoselig ettermiddag:)

Ønsker deg ein fin vetlelørdag



søndag 26. februar 2012

Vårteikn

Då var vi tilbake i byn etter ei herlig helg i Rosendal:)
Fri frå maling av lister og anna oppussingskos. 
Når vi kom heim så innsåg eg kor mykje vi faktisk har gjort allereie. 
GØY!


Våren var komen i hagen til besto mi.
Nydelige snøklokker strålte på rekke og rad. 
Kanskje det dukkar opp nokre vårteikn i vår hage og snart?


I helga har vi vore på barselbesøk og helst på ei nydelig lita jente.
Vi har òg vore på handel, det var mykje spennande og finna på dei fine butikkane:)
 

Håpar du har hatt ei fin fin helg, 
no gler eg meg til ein etterlengta bloggrunde:)

onsdag 22. februar 2012

Ordning & reda til 150 kr

Vi har jo nettopp flytta inn i nytt hus:)
Det er uvant å ha så mange rom!
Men ironien er at vi har mindre garderobeplass enn vi hadde i leilegheita. 


Eg har difor okkupert eit av romma til kjolane mine. 
No verkar det kanskje som om eg har unormalt mange kjolar. 
Men evig optimist så heng eg fortsatt opp kjolar som passa for 6 år sidan. 


Uansett, eg blei strålande glad då eg fant eit fint fint klestativ hos IKEA til 75 kr pr stk. 
"Mulig" heiter det, kvit, enkelt, fint og funksjonelt:)
 Eit tips om det er fleire av dåke med manglande mogeligheit til oppheng av gamle kjolar?


 Sukk! Kjolar minnar meg om at vi går mot vår og sommar:)

Ønsker deg ein fin veslelørdag

mandag 20. februar 2012

Kvardagsgleder

I helga gjorde eg opptil fleire små bruktfunn på Fretex. 
Eit av kuppa var denne fine bollen til den nette sum av 20 kr. 


Den har fått selskap av vakre perleblomar.

I tillegg fant eg to nattbord på det mystiske brukthuset under Puddefjordsbrua. 
Det vart retro-nattbord som skal få seg nokre strøk med maling,
og sjølvsagt si glanstid her på bloggen


I dag har vi 6 månadars bryllaupsdag:)
Det har vi feira med restaurantbesøk,
vakre blomar frå mannen min
straks er det filmdate heima i ruskevêret. 


Det er kvardagsgleder for meg:)

God mandagkveld, det går mot helg!

søndag 19. februar 2012

Merket

I dag skulle eg eigentlig lage eit koselig innlegg
med bilder av ferske fastelavnsbollar og utsprungen Magnolia.
Men til stor frustrasjon så heva aldri deigen seg,
og Magnolia pinnen min er fortsatt bare ein pinne. 


 Eg la nokre rosa fjær på den, så blei det litt fastelavn likevel:)

Så eg retta heller fokus mot Fabelaktige Maia sin utfordring "Merket"


Dymoen min kjem til og komma godt med når eg skal innreie hobbyrommet. 
Men foreløpig fekk den merka kaffimaskina vår. 
Eg drikk ikkje kaffi, men mannen min gjere. 
Ser du kva som står der?
  

Når han finn seg ein kaffikopp så blir det kanskje ein ekstra god start på dagen:)
Denne teksten såg eg fyrst på eit maleri på kontoret i Stockholm
"Varje dag älskar jag dig". 
Syns teksten er så enkel og fin. 
Nokre dagar føles dei orda rett heile dagen, 
mens andre dagar er ikkje fullt så harmoniske:)
Uansett så kjennes det slik kvar dag. 

Planen er å ha denne teksten med på eit bilde eg skal male til stova, 
men det ser ut til å bli ei stund til det kan prioriterast.
Håpar du har fått fastelavnsbollar og sett fargerike fjær i dag!

fredag 17. februar 2012

Nytt stovebord


Endelig har vi fått stovebordet vårt:)
Utrulig stas, vi har hatt to esker med hyller på som stovebord leeenge. 


Eg har brukt lang tid på å velge ut bordet. 
Det skulle ha hjul, ikkje vera kvitt, brunt eller svart, med hylle under og uten skuffer. 
Det er det ikkje mange av der ute:) 


Så eg blei strålandes fornøyd då eg fant dette på Riviera Maison.


No gler eg med enda litt meir til å pakke opp fine ting frå flyttelasset som kan få plass her. 
I kveld blir det god middag på bordet og sikkert masse anna godt framover. 

Eg fekk brått lyst på ei oransje puta, så ein tur til byn i morgon er planlagt. 

Ønsker deg ein strålandes fredagskveld:)


onsdag 15. februar 2012

Roser og tulipaner

.. i skjønn forening:)
I går fekk eg denne herlige buketten frå mannen min!



Strålande nøgd med å få blomar på ein tirsdag, 
Valentines eller ikkje. 


Vi feira ikkje akkurat storstilt:)
Men heller med ein tur til Coop Obs
og drive through McDonalds! haha.


Det var faktisk romantisk:)
Og for dei som lurte så ga eg han 
3 pakkar med hans absolutte favorittmåltid; pinnekjøtt:)

No er det straks avgårde på Thom Hell konsert
Ønsker deg ein fin fin kveld.

søndag 12. februar 2012

Eit kvitt lerret

Jammen var det nyttig med to do-liste.
Vi har fått gjort kjempe masse i helga.


Blant anna har vi malt to strøk på denne veggen
og stova er no ferdig malt:)
Som du ser så manglar det vindaugskarmar, men det kjem.

Stolane blei kvite ja, men når eg såg dei samen med resten
så angra eg litt på at eg ikkje valte ein kjekk farge i staden for.
Det blei så veldig kvitt, men det er jo ikkje halvferdig enda.

Kjøkkenet er no som eit kvitt lerret som skal få masse personlighet.
Gler meg stort til å sette farge på rommet.

Håpar alle har hatt ein fin søndag og morsdag for alle mødre!
Eg har feira mammo mi med koselig kort og pakke i posten, og ein lang telefonsamtale:)

Nyt søndagskvelden

lørdag 11. februar 2012

Den fyrste blomen

I helgene brukar eg alltid å kjøpe ein frisk bukett med blomar.
Men etter vi flytta så har eg ikkje hatt ein fin plass å ha den.
Så gleda var stor då eg kjøpte den fyrste blomen til Fruehuset i går.


No har eg blitt skikkelig byjenta og gått hen og betalt for ein pinne!

Men det er visstnok ikkje ein vanleg pinne,
det er ein kvist av eit Magnoliatre.

Den skal ha litt sær pleie,
Den skal snittes annakvar dag
og ha 45 grader varmt vatn.

Bilde henta frå Google
Slik skal den eigentlig sjå ut,
blir spennande å sjå om det skjer noko.

Her er vi godt i gang med lista vår,
så kjekt å høyra at mange digger lister:)

GOD LØRDAG!
I dag er det Grand Prix, hurra:)

fredag 10. februar 2012

To do

Med ei litt sløv veke bak oss på oppussingsfronten,
ville eg finne eit tiltak for å bedre arbeidsmoralen:)

Eg har printa ut ei TO DO liste og limt den på ein uferdig vegg.
Bilde funne på Google

Denne veggen skal forresten (som du ser frå lista) kles med teglstein.
Litt lignande som på dette bildet.
Det blir forhåpentligvis ein fin kontrast til alt det kvite.


Eg har ein tjukk tusj klar til å stryka over etterkvart som ting går unna.
Fin og fargerik tape hjelper også på.
Elskar å stryke ut på lister!

Men ikkje heilt enda
no ventar sofa og rolig fredagskveld
... skal berre:)
Neida, i morgon blir nok ein god arbeidsdag.

GOD HELG


PS! Tusen takk for alle tilbakemeldingane på farge på stolen.
Som du kanskje ser frå lista mi så skal dei malast:)

torsdag 9. februar 2012

Valgets kval

Plutselig var det gått nesten ei heil arbeidsveke!
Nokre veker er så travle at før eg anar det så er det fredag igjen. 

Vi har ikkje hatt den store progresjonen i heimen denne veka. 
Men eg treng litt hjelp til kva eg skal gjera med kjøkenstolen. 

Foto Sköna Hem
Inspirasjonen til kvitoljinga var dette bilete. 


Slik ser stolen vår ut no. 
Utfordringa er at det er 4 ulike typar tre i same rom. 
Benkeplate, parkett, kjøkenbord og stol. 
Eg har lagt over møbelstoffet som stolsetet skal få på seg. 

Eg er i tvil... Bør eg male den kvit? Føler det blei litt for mykje variasjon slik som den er no. 

Kva syns du?:)


mandag 6. februar 2012

Brownies på boks

I dag feirar vi at ei god venninne har fått sitt fyrste barn, stor stas:)
I tillegg laga eg så god middag at eg syns vi fortjente nybakte brownies til dessert.
På butikken oppdaga at toppen av latskap på bakefronten var nådd, nemleg ferdig browniesrøra!


Med 2 min innsats og 15 min i ovnen var herligheten ferdig. 
Litt mynte og melisdryss på så blir det ekstra godt.
Stolane frå i går ser fortsatt rare ut, 
så eg må ta ei ny vurdering 
med litt brownies innabords
og ein bloggrunde
*smil*

God vekestart:)

søndag 5. februar 2012

Søndagssyssel

ski på tv
dagslys i timesvis
god søndagsmiddag
god tid

Søndagen har sin sjarm den også ja!
I dag held vi oss inne
ser på uvêret utanfor vindauga

For ei stund sia kjøpte eg tre spisestovestolar på finn.no
til den nette sum av 150 kr.
Eg hadde eigentlig tenkt å male dei kvite,
men så fant eg ut at eg skulle prøve å kvitolje dei. 


Optimistisk nok så trudde eg at eg kunne visa ferdig resultat i dag,
men dei ser litt rare ut.
Eg må nok ha eit strøk til.
Og ikkje minst trekka om stoffet, 
eg likar striper altså, men... hihi.

Håpar du har hatt ei fin helg:)

fredag 3. februar 2012

Fin fredag

Vi kosar oss med Jamie Oliver pasta, levande lys og The Voice.
Perfekt fredag for meg:)



Ønsker deg ei god helg:)