søndag 29. januar 2012

I LOVE sperregrunning

Tusen takk for alle kommentarane frå dåke i det siste:)
Og ikkje minst varmt velkommen til nye følgjere.
Det er så stas med blogging på grunn av nettopp dåke! *smil*

Helga mi har vore strålande:
  • Bytur med sushi 
  • Besøk av gode naboar 
  • Oppdaga Jamie Oliver
  • Mamma og pappa på søndagsmiddag
    og ikkje minst lampemontering. 
     

Vi har også malt eit strøk med sperregrunning på vindaugskarmane. 
Eg likar så godt sperregrunning altså:)
Spesielt på grunn av at endringa blir så stor. 
Legg merke til dei fagre "kykjevindauga" våre.
Dei skjermer rett nok for innsyn, 
men gjer òg følelsen av å vera på tivoli!

Nokre lampar er no oppe, 
men dagen forsvann ifrå oss 
så eg skal visa bilder ein anna dag. 


Eigentlig ville eg ha den berømte Tine K lampa over stovebordet. 
Men vi hadde veldig lyst på noko anna enn makaroni med ketchup til middag
dei neste vekene, så eg måtte velje noko anna. Det blei ein litt lik lampe frå Living:)

Då var helga over, men eg ser fram til ein koselig søndagskveld med film og heimelaga pizza:)


 God søndagskveld til deg!


fredag 27. januar 2012

Toscana ein varm sommardag

Vi har bestilt oss tur til hausten:) 
Vi er så heldige å bli invitert i bryllaup i Toscana i september. 
Heile familien med mamma, pappa, bror min og kjærasten hans. 
No har vi booka eit vakker hus i fjellsida i Toscana. 
Alle skal bu saman, det blir knall. 
Her kan vi kosa oss ein varm sommardag og sjå på utsikta:)


Kanskje ikkje så vanskelig å sjå, men eg har vore med i reisekomiteen. 
Eg er veldig glad i å organisere, og kom derfor med dette forslaget til overnatting. 


Falt fullstendig for dette rustikke og fiine kjøkkenet. 
Typisk italiensk landsbygd, perfekt!


Det blir strålande å vakna opp her med sola i ansiktet. 
Det ser faktisk ut som det er litt lik farge på veggane der som i stova vår. 
aha! Då veit eg at lilla/aubergine gardiner passar fint:)


Dette ser vi veldig fram til!
Noko å gle seg til når vi sitter i returkø på IKEA 
ein fredagskveld og går glipp av "The voice"...:)



GOD HELG:)
 

torsdag 26. januar 2012

Ein naturleg draum

La meg presentere det andre møbelet vi kjøpte denne veka. 
Denne kjøpmannsdisken såg eg for fyrste gong for over eit år sidan.

 
Og etter det har eg titt og ofte vore inne på Living å kikka på den. 
Drøymt om å ha (plass til) den i heimen vår. 
Eg har syns prisen har vore litt vel stiv, 
men no var den på salg så då slo vi til. 



Den er laga av resirkulert materiale, 
så fargen varierer litt. 
Det blir spennande å sjå kva vi frå... hehe!


Den som ventar på noko godt ventar ikkje forgjeves, 
denne gobiten kjem nemleg ikkje før i april. 
Men april er min favorittmånad så det passer fint. 
Då sluttar eg å vera i dei glade 20-åra, 
og dette blir ein fin presang. 

I dag har eg knerta pappesker..
Det var og noko og gjere på ein torsdagskveld, 
men det openbara seg plutselig eit lite dansegolv i stova

Så i kveld blir det vals med mannen, 
eller eventuelt sofa og Criminal Minds:)

GOD KVELD:)


mandag 23. januar 2012

Eit fabelaktig vitrineskap

Hurra:))
I dag har vi bestilt to stk møbler til huset.
Eg skal no vise deg det eine. 


Det er dette vakre vitrineskapet frå Living. 
Eg har tråla alle tenkelige butikkar
etter det perfekte skapet. 

Syns dette var nydelig, klassisk men likevel litt unikt med skyvedørene. 
I tillegg var det 164 cm langt, og vi har ein vegg på 164 cm som skal nyttast:)


Det blir ikkje levert før i midten av februar,
så då har eg god tid til å tenke på kva eg skal ha inni.

Det andre møbelet kjem det bilder av litt seinare. 

Hipp hipp, endelig mandag ja!
I tillegg har vi hatt ein bedre middag på IKEA, hehe:)



søndag 22. januar 2012

Flott vinterdag

Sola skinn om kapp med bergensarane i dag
Vi har vore ute og inspisert nabolaget, 
med roser i kinna og solbriller på:)


Det var faktisk kaldt ute også, 
så det var fint å komme inn til varm lapskaus. 



Fyrste gongen vi brukar noko av service vi fekk til bryllaupet. 
Fiiine skåler frå Wik og Walsøe. 

I dag jobbast det med å innreie kjøkkenskap:)

Jammen har helga rast avgårde, 
i morgon er det endelig mandag. 

Nyt resten av dagen og helga:)