Då er allerede kun 51 veker til jul,
hihi. Neida - nok om jul for i år:)
Nyttårsafta står for tur!
For meg så er ikkje denne kvelden i nærheten
så spesiell som den som var for ei veke sidan.
Men det er jo alltid kjekt å kle på seg paljetter og drikke champis saman med gode venner.
(sånn bortsett fra at eg har gløymt alle mine fine kjoler ein plass i flyttelasset:)
Samtidig så er det eit fint tidspunkt til å reflektere over det som har skjedd i løpet av året.
Den største hendinga for meg har utvilsomt vore bryllaupet og bryllaupsreisa.
Tenk at noko som eg har draumt om heile livet faktisk ble masse bedre enn forventa?!
Fabelaktig!
Foto Cathrine Esbensen |
Men eg kjenner eg er glad for at eg ikkje skal planleggja bryllaup i 2012.
No opnar vi eit nytt kapittel med nytt hus og sikkert masse anna kjekt:)
I tillegg har eg ein sterk formeining om at blogginga kjem til å bli ein stor del av livet i 2012.
Heldigvis! For eg har bare på denne korte tida truffe så mange kjekke jenter pga bloggen.
Bildene eg viser i dag er frå Pottery Barn.
Ei fabelaktig amerikansk interiørkjede som eg besøkte i NYC
Dei har og ein vakker nettbutikk som (jippi) sender til Norge!
Ønsker med dette å takke for året som har gått,
TUSEN TAKK for alle dei koselig kommentarane eg har fått,
og alle dei som har valgt å følge meg vidare.
Det er dåke som gjer blogginga så kjekt og motiverande!
Ønske deg og dine:
TUSEN TAKK for alle dei koselig kommentarane eg har fått,
og alle dei som har valgt å følge meg vidare.
Det er dåke som gjer blogginga så kjekt og motiverande!
Ønske deg og dine:
Eit fabelaktig nyttår!
- gler meg til bloggåret 2012:)