lørdag 5. november 2011

Inspirasjon soverom

God laurdagskveld! Hos oss er det ein rolig og fin laurdagskveld:)

Eg kosar meg med å drømme om korleis soverommet vårt skal bli. Det ser ut til at det blir fyrste rommet som får seg ein makeover. Her kjem nokre inspirasjonsbilete frå Country Living og Sköna Hem. 

Foto Country Living
Knall stilig nattbord! Eg har så lyst på eit litt annarleis nattbord, kanskje ikkje nett slik som dette. Men gjerne noko med farge på og som står litt i kontrast mot alt det "mjuke" som er på soverommet. 

Foto Sköna Hem
Mens vi jaktar på det perfekte nattbord, blir det nok ei midlertidig løysing (som ofte har ein tendens til å bli langvarig)som ein fin stol eller lignande. Syns denne var kjempe fin. 

Foto Country Living
Store, kvite lister på både vindauga og tak er fint! Dei kjem tydelig fram når fargen på veggane er ein anna farge. Eg har (nesten) bestemt meg, det blir minst ein vegg i ein anna farge. 

Foto Sköna Hem
Kanskje 60-talls garderoben vår kunne sett sånn ut? ååå.. så fint! Ser så skikkelig ut når det er innebygd. Men det blir nok sikkert IKEA garderobe, skal nok klara å få det til å sjå skikkelig ut også:)


Ha ein fabelaktig kveld:)





3 kommentarer:

Susan sa...

Fine inspirerende bilder. Jeg drømmer også om et "nytt" soverom. :-) Mange fine soveromsbilder på NIB sin utfordring også denne gangen!

Frøken Loppe sa...

Hei på deg!
Takk for koslege kommentarer på bloggen min!! Veldig kjekt å sjå at du kjem innom for "ein prat" av og til ;o)
Flotte bilder til inspirasjon!!
Spennande å starte heilt "på nytt" og bestemme seg for både fargar, møbler, garderobe osv.
Gledar meg til å følgje med på prosjektet!! :o)
Ha ein super søndag, eg skal nyte den siste dagen i Krakow, i morgo ventar heimreise og kvardagslivet igjen :o) (
litt godt det også... alltid godt å komme heim ;o)

Vibeke fra Bengtgarden sa...

Så fantastiske flotte inspirasjonsbilder ;-) Hærlig blogg du har.